TeamGjensidigebildepromo.jpg

Kick off TEAM-Gjensidige Sogn og Fjordane

I samband med stemnet på Skei 6. juni blir alle 15-åringar og eldre samla i friidrettkrinsen.

TEAM-Gjensidige er ei nasjonal satsing for å halde på ungdommen i friidretten lenger. I samband med stemnet på Skei 6. juni blir det KICK-OFF for TEAM Gjensidige Sogn og Fjordane.

Friidrettskrinsen inviterer dermed alle 15 åringar og eldre som har ambisjonar om / eller har klart krav til nasjonale meisterskap til å ta del. Det blir utdeling av klede og informasjon kl. 10.00 på Skei Hotell.

Påmelding til TEAM-Gjensidige Kick-Off gjer de her!

Stemnet på Skei har stemnestart kl. 13.00.