mardal_kjerpeset VM_ utsnitt.jpg
Kristi Strømmen Kjerpeset og Thomas Mardal er klart for nytt meisterskap og får følgje av Vincent Sondre Førde til Island

Fire uttekne til Nordisk

Sogn og Fjordane har heile tre utøvarar på det norske laget til Nordisk juniorlandskamp U 20 på Island. Til Nordisk/Baltisk landskamp U 23 i Finland er ein utøvar teken ut.

Etter eit godt junior NM i helga med heile fire gullmedaljer på Brandbu er fylket godt representert i nordisk 13-14 august. 

Frå fylket er desse uttekne til Nordisk U 20 i Reykjavik på Island: 


Kristi Strømmen Kjerpeset, Florø T&IF på 100m HK og 4x100m stafett
Thomas Mardal, Gloppen FIL  i kule. diskos og slegge
Vincent Sondre Førde, Gloppen FIL på 3000m hinder

Til Nordisk /Baltisk landskamp U 23 er fylket representert med sølvvinnar frå junior NM
Evald Osnes Devik , Gloppen FIL i slegge.

Vi gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til i meisterskapen!

 

Les  heile uttaket  U 20 her  og Nordisk/Baltisk U 23 her