Melheimbrothers.png
Mathias Melheim (t.v) og Steffen Melheim (t.h) tok begge medaljer i UM i Steinkjer i helga. Her saman med Thomas Rosvold. Foto: Jørund Årdal

Henta heim fleire medaljar

Utøvarane frå fylket gjorde det sterkt i innandørs-UM i Steinkjer.

Mathias Melheim og Steffen Melheim (Olden) tok høvesvis gull og sølv i kule under UM i Steinkjer i helga. I klassen 18/19 var Mathias heilt suveren, medan Steffen var like bak gullet i 15-års klassen. 

I 15-års klassen imponerte Adrian Antero Kinnunen (Florø) i høgde, og tok sølv med 1.80 meter, same høgde som gullvinnaren. I lengde sikra han seg bronsemedalje med 5,62 meter. 

På 200 meter fossa Ben Jeffrey Benert inn til sølvmedalje i G17 på tida 22,38. Han vart diska på 60 meter, så det vart ein flott revanje for Florø-guten! 

  • Andre resultat frå fylket:

J15: Britney Benert (Florø) nr. 8 på 60 meter hekk med 9,51. Nr. 4 i sitt kvalifiseringsheat på 60 meter med 8,60.

G15: Knut Werge-Olsen (Jotun) nr. 3 i sitt kvalifiseringsheat på 60 meter med 7,61.
Han vart også nr. 3 i sitt kvalifiseringsheat på 200 meter med 24,73.

G16: Kaya Van Hulst Sahin (Breimsbygda) nr.8 på 1500 meter med 4.40,79 min.

G17: Magnus Lande Angelshaug (Florø) vart nr. 4 i sitt kvalifiseringsheat på 60 meter med tida 7,55. Nr. 5 i sitt kvalifiseringsheat på 200 meter med 24,32.

U23: Lasse Solheim Angelshaug (Florø) nr. 8 på 60 meter med 7,36.

Medan dei yngste utøvarane deltok i UM, var også fleire lokale i aksjon i veteran-NM. Korleis det gjekk ser du her