bildekurs.png
Jørund Årdal var kurslærar for dei frammøtte på arrangementskurset i Førde 24. oktober. Foto: Asgeir Årdal

Stemne, kurs og møtedag i Førde

Laurdag var friidrettsfamilien samla i Førde under Idrettens Møteplass.

For tredje året på rad vart det invitert til haustmøte i friidrettskrinsen under Idrettens Møteplass i Førde. 

Etter foredrag med Olympiatoppen Vest, Høgskulen på Vestlandet og Antidoping Norge, var det terminliste for friidrettskrinsen. Deretter var det arrangementskurs med 15 deltakarar.

Dagen vart avslutta med stemne på stadion, der 600m, 800m og 5000m stod på programmet. Resultat frå stemnet finn de her! 

Friidrettskrinsen set pris på alle bidrag frå klubbane denne dagen, og ser fram til planlegginga av 2021-sesongen!

Takk også til Vestland Idrettskrets for all tilrettelegging i samband med Idrettens Møteplass.