logo-motbakke-705x405.jpg

Årets utgave av Rosendal NutenOpp er avlyst

Arrangøren av Rosendal FjellStreif & NutenOpp har grunna ein oppblomstrande og uavklart nasjonal covidsituasjon bestemt seg for å avlysa Rosendal NutenOpp 2021.

I en pressemelding fra arrangøren heter det:

Løpet som i år er Norgescupløp skulle eigentleg gått av stabelen søndag 5. september, men redsla for å påføra både tilreisande utøvararar og tallause frivillige arrangementsmedarbeidar ei stor usynleg belastning, er bakgrunnen for avlysinga.
Vi beklagar sjølvsagt dette, men den verdsomspennande Covidpandemien, der det no blir snakka om både den tredje og fjerde bølgja, er ikkje til å spøkja med. Difor avlyser vi årets arrangement.  
Vi håpar å koma sterkt tilbake når pandemien har lagt seg og vi igjen kan arrangera eit trygt arrangement.