Extra leikane 2026 for 13 og 14 åringar i kretsen sjå hit!
13–14-åringar i Møre og Romsdal -bli med og representer kretsen på Extraleikane 2026 (tidligare Lerøy-leikane)!
23. april 2026
anita.almestadkristiansen@friidrett.no
Extraleikane er eit av årets store høgdepunkt for unge friidrettsutøvarar. Her
samlast hundrevis av 13–14-åringar frå heile Midt- og Nord-Noreg til ein helg fylt med konkurransar, lagfølelse og minner for livet.
I Kristiansund 5.–6. september 2026 stiller Møre og Romsdal med eige lag og
konkurrerer mot andre kretser – både individuelt og som lag.
Vi reiser samla i felles buss, bor ilag, får eigen kretsdrakt/genser, heiar på kvarandre og byggjer samhald på tvers av klubbar.
Det blir også fleire ekstra treningssamlinger gjennom våren og sommaren, slik at vi kan bli godt samkjørt som lag.
Deltaking skjer gjennom uttak til kretslaget, og dette er ein flott motivasjon å jobbe mot gjennom sesongen.
Dette er meir enn berre eit stevne – det er fellesskap, meistring, spenning og masse friidrettsglede.
Meir praktisk informasjon om samlingar vil kome på kresten sine sider: Møre og Romsdal.
Følg med – og grip sjansen dersom du får moglegheita!
Spre informasjonen ut til friidretten og 13-14 åringane i din klubb!
Vi brukar å stille mednærmare 40 deltakarar, så her er det stor moglegheit for å bli tatt ut og representerer
kretsen sin.
Vi gledar oss til å treffe både nye utøvarar og kjente utøvarar som var med i fjor.
Ta kontakt ved spørsmål.
Mvh
Anita Almestad Kristiansen
Dagleg leiar Møre og Romsdal friidrettskrets.