Førde_Stadion1.png

NM Veteran Førde

Invitasjon til NM Veteran i Førde

Det er med glede vi kan presentere invitasjonen til årets utandørsmeisterskap i Førde.  Dato er altså 25. - 27. juni.

Arrangørane har jobba godt med planlegginga og mykje er alt på plass.  Som eit resultat av tildelinga av meisterskapet vert det ei oppgradering av delar av dekket på stadion, samt innkjøp av utstyr, mellom anna nytt kastbur.

Invitasjonen til stemnet finn du her: innbyding veteran NM 2021.pdf

Ver merksam på at du ikkje treng å betale før etter 1.juni.  Dette for å unngå mykje ekstraarbeid med tilbakebetalingar i tilfelle situasjonen rundt Covid-19 gjer at det ikkje blir muleg å arrangere. 

Så kryssar vi fingrar for at så ikkje skjer, og ynskjer alle vel møtt i Førde!