Treningsstemne Ulsteinhallen

I samband med treningssamlinga kretsen arrangerer i Ulsteinhallen søndag 8. januar arrangerer Dimna IL treningstemne laurdag 7. januar kl 13.00 (Dørene til hallen opner kl 12.00). Hallen vil også vere tilgjengeleg for trening denne dagen.

Øvingar:
60m m, 200 m, 400 m, 600 m, 800 m, lengde og høgde. Påmelding via Isonen eller i Ulsteinhallen på stemnedagen.


Dersom det er ønske om andre øvingar så ta kontakt med Arve Hatløy så ser vi om det er mogeleg å få til.


Lisens: Husk at det no er nytt år. Alle som er 13 år og eldre må derfor ha lisens for 2023 for å kunne delta.


Ingen startkontingent eller premiering.


For informasjon ta kontakt med Arve Hatløy tlf 41476148,
epost: hatloy@hotmail.com.