Vil du ta del i 100-års markeringa til friidrettskrinsen?

>

Tilbake til Nyheter

Friidrett/Kretser/Sogn og Fjordane/Nyhende/Vil du ta del i 100-års markeringa til friidrettskrinsen?

Vil du ta del i 100-års markeringa til friidrettskrinsen?

Sogn og Fjordane Friidrettskrins inviterer til jubileumsmiddag 24. september.

15. september 2022

Asgeir Årdal
Share on XShare on FacebookShare on LinkedInShare via Email

Sogn og Fjordane Friidrettskrins vart skipa 2. september i 1922. I samband med dette blir det markering av 100-års jubileet på Skei Hotell 24. september, frå kl. 1730.

Alle tidlegare styreleiarar har blitt invitert, i tillegg til at alle våre medlemslag har fått invitasjon. For å vere sikra at alle som ynskjer å ta del i markeringa får moglegheit, opnar vi også opp for påmelding her.

Det vert 3-retters middag, og innslag undervegs.

Ta kontakt med krinskontoret om du har nokre spørsmål på sof@friidrett.no