Trude Raad tok GULL på heimebane. Foto: Eirik Førde
Trude og Merete tok gull på heimebane!
Fleire medaljer under Byrkjelo-NM.
17. august 2018
Asgeir ÅrdalDag 1: Trude Raad var på heimebane, og leverte verkeleg varene på NM sin første dag.
63,96 meter i tredje omgang var nok til å stå øvst på pallen. Nummer to vart førehandsfavoritt Beatrice Nedberge Llano (Laksevåg TIL), som hadde årsbeste i landet før NM. Marte Rygg Årdal vart nummer fire.
På 400 meter hekk vart det sølv til Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø, bak verds- og europameister Karsten Warholm.
Dag 2: Gloppen FIL sikra seg tre medaljer på ein halvtime. Merete Helgheim tok gul på 3000 meter kappgang, Thomas Mardal sølv i sleggeringen, medan Evald Devik Osnes følgde på plassen bak.
Dag 3: 41-år gamle Else Lundestad Bakkelid sikra seg bronsemedaljen i diskos.
For fleire resultat, sjå arrangøren si heimeside.