Kristi Strømmen Kjerpeset og Thomas Mardal er klart for nytt meisterskap og får følgje av Vincent Sondre Førde til Island
Fire uttekne til Nordisk
Sogn og Fjordane har heile tre utøvarar på det norske laget til Nordisk juniorlandskamp U 20 på Island. Til Nordisk/Baltisk landskamp U 23 i Finland er ein utøvar teken ut.
08. august 2016
narve.heggheimEtter eit godt junior NM i helga med heile fire gullmedaljer på Brandbu er fylket godt representert i nordisk 13-14 august.
Frå fylket er desse uttekne til Nordisk U 20 i Reykjavik på Island:
Kristi Strømmen Kjerpeset, Florø T&IF på 100m HK og 4x100m stafett
Thomas Mardal, Gloppen FIL i kule. diskos og slegge
Vincent Sondre Førde, Gloppen FIL på 3000m hinder
Til Nordisk /Baltisk landskamp U 23 er fylket representert med sølvvinnar frå junior NM
Evald Osnes Devik , Gloppen FIL i slegge.
Vi gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til i meisterskapen!