Illustrasjonsfoto
Foto: Eirik Førde
Treningssamling i Florø
Bli med på lærerik samling i kystbyen.
17. februar 2026
Asgeir.Ardal@friidrett.noSaman med Florø T & IF inviterer Sogn og Fjordane Friidrettskrins til treningssamling i Florø 28.mars. Samlinga tek til kl. 11 og det vil bli to økter og foredrag.
Trenar for samlinga blir Øyvind Strømmen Kjerpeset, som er krinsen sin raskaste mann gjennom alle tider!
Meld deg på i samlinga gjennom Isonen - og samlinga er open for alle 13 år og eldre.