Tre NM medaljer i NM

Kristi S KJerpeset forbetra sin personlege rekord frå forrige helg i Bærum

Tre NM medaljer i NM

Eit gull og tre bronsemedaljer vart fangsten til NM deltakarane frå fylket

06. mars 2016

narve.heggheim

Kristi Strømmen Kjerpeset, Florø T&IF sikra sitt første seniorgull under NM innadørs i Bærum. På favorittdistansen 60m hekk vart det ny pers på 8,38 som også er norsk årbeste på distansen. 

Storebror Øyvind sikra familens andre medalje laurdag med bronse på 400m med 47,69 som er hans første løp under den magiske grensa på 48.00. Resultatet lovar bra fram mot utesesongen og favorittøvinga 400m hekk der OL  i Rio er eit realistisk mål. 

Henrik Holmberg, Vik IL er tilbake etter skade og sikra bronse i høgde. 

Resultat for utøvarane frå fylket: 

Kristi Strømmen Kjerpeset Florø T&IF KS 60m hk 8,38 1pl
Øyvind Strømmen Kjerpeset Florø T&IF MS 400m 47,69 3pl
Henrik Holmberg  Vik IL MS høgde 1,95 3pl
Øyvind Strømmen Kjerpeset Florø T&IF MS 200m 22,29 4pl
Jostein Joshua Fossøy Florø T&IF MS 60m 6,94 7pl

Alle resultat frå NM her.