Mathias Reksten Dale, Steffen Melheim og Arne Osnes Devik etter meisterskapen i Kristiansund. Foto: Jørund Årdal
Tok medalje i Nordisk
Tre utøvarar frå fylket representerte Norge under Nordisk meisterskap i helga.
18. august 2019
Asgeir ÅrdalSteffen Melheim (Olden IL) tok bronse i diskos under Nordisk meisterskap U20 i Kristiansand i helga. Han var berre 14 cm bak sin eigen personlege rekord. Gullet i klassen gikk til den eldre lagkameraten Fabian Weinberg.
I kulekonkurransen vart Mathias Andreas Reksten Dale (Breimsbygda IL) nummer seks, med 14,35 meter.
Arne Osnes Devik vart også nummer seks i sin konkurranse, då han oppnådde 58,51 meter i sleggje.
Vi gratulerer med flott innsats!