Jennifer Mjøs, Aurland IL sikra sølv i lengde i J15 med 5,11 m
To UM medaljer laurdag
Sølv og bronse var behaldninga til fylket på dag to av UM
27. februar 2016
narve.heggheimJennifer Mjøs frå Aurland er mesterskapsdebutant i yngste klasse i UM. Den debuten gjekk strykande og resulterte i flott sølv i lengde med 5,11 fattige 7 cm bak gullvinnar Maria Aaberg frå Tyrving.
Jennifer kvalifiserte seg også for finale på 60m der ho sprang inn til 7.plass på sterke 8,18. på slutten av ein hektisk konkurransedag.
Den andre medaljen til fylket kom på 60m i klasse G15 der Ben Jeffrey Benert frå Florø sikra seg sin andre bronse i meisterskapen med sterke 7,41. Denne klassen held veldig høgt nivå og gull og sølv gjekk til Hordaland med 7,20 og7,21.
Kristi Strømmen Kjerpeset leverte ein god 60m i J18/19 med tida 7,86. Differansen opp til bronsemedalje var fem hundredelar.

Kristiane S Terum, Aurland IL er tilbake etter ein sesong utan konkurransar og leverte eit flott løp på 800m.
Dei øvrige deltakarane frå fylket gjorde sine saker bra og er klare for siste mesterskapsdag søndag då det står 200m på programmet for fleire av dei.
Resultat for utøvarar frå fylket laurdag:
| Navn | klubb | klasse | øvelse | res | plass |
| Jennifer Mjøs | Aurland IL | J15 | lengde | 5,11 | 2 |
| Ben Jeffrey Benert | Florø T&IF | G15 | 60m | 7,41 | 3 |
| Kristi Strømmen Kjerpeset | Florø T&IF | J18/19 | 60m | 7,86 | 4 |
| Kristiane Sekkingstad Terum | Aurland IL | J16 | 800m | 2,28,91 | 6 |
| Jennifer Mjøs | Aurland IL | J15 | 60m | 8,18 | 7 |
| Alice K Hugøy | Florø T&IF | J16 | 60m | 8,66 | 6 fo |
| Ingalill Fredriksen Stang | Florø T&IF | J17 | 60m | 8,47 | 6 fo |
Alle resultat på arrangementet sine nettsider