To juniorkrinsrekordar i samme stevne
Thomas Mardal. Gloppen FIL har hatt for vane å setje krinsrekordar siste helgane, denne helga vart ikkje noko unntak.
28. august 2016
narve.heggheimUnder stevne på Loggane klinka han til med eit lengstekast med 6-kiloslegga på 70,83 og forbetra sin ferske U 20 rekord som lydde på 67,74. Når først den magiske 70-metersgrensa skulle brytast gjorde Thomas det ettertrykkeleg.
Seinare i stevnet var øvinga kule og også her vart dert pers og juniorkrinsrekord med solide 17,77 og han sletta med det Yngve Grøneng Havn, Florø T&IF sin U 20 rekord på 17,40 frå 2007.
Vi gratulerer Thomas med to nye krinsrekordar!