Tek han krinsrekorden på 400m?

>

Tilbake til Nyheter

Friidrett / Kretser / Sogn og Fjordane / Nyhende / Tek han krinsrekorden på 400m?

Tek han krinsrekorden på 400m?

Onsdag kveld jaktar Øyvind Strømmen Kjerpeset kretsrekorden på 400m frå 1973.

02. juni 2020

Asgeir Årdal

Onsdag kveld er Øyvind Strømmen Kjerpeset tilbake på heimebane i Florø, og skal gjere eit forsøk på krinsrekorden på 400 meter. Den tilhøyrer Bjørn Birknes (Fjellhug/vereide), og vart satt 24. juli i 1973 og er på sterke 47,4. 
Strømmen Kjerpeset sine personlege rekord på distansen er 47,98 - og er den nest beste tida i friidrettskrinsen gjennom alle tider.

Stemnet har start kl. 1700, og i tillegg til 400m er det 100m, 200m, 300m og lengde på øvingsprogrammet.