Storehaugen er klar for innrykk
Storehaugen Opp i Lærdal er eit av dei første motbakkeløpa i fylket i år og går 14.mai
04. mai 2016
narve.heggheimLøpet har utvikla seg til eit av dei større løpa i distriktet og har arrangert norgescup i motbakkeløp tidlegare. Her er konkurranseklasse frå 15 år og mosjonsklasse for alle aldrar.
Løypetraseen er på 3,7 km og som dei fleste veit er Lærdal ein av dei stadane i landet med minst nedbør så her skulle ligge an til gode løpsforhold.
Løyperekordane er haldne av Thorbjørn Ludviksen og Kirsten Marathon Melkevik som begge har lange merittlister i motbakkeløp. Om nokon klarar å forbetre desse rekordane i 2016 gjenstår å sjå, men uansett er her muleg å få ei flott oppleving i Lærdal både som konkurranseløpar eller som mosjonist.
Les meir på arrangementet sine nettsider.