GOD: Marte Hovland tok sølvmedalje i Nordisk Meisterskap i terrengløp. Foto: Einar Børve
Imponerte i Nordisk
Krinsen sine løparar imponerte i Nordisk Meisterskap i terrengløp.
14. november 2024
Asgeir.Ardal@friidrett.noNordisk meisterskap i terrengløp blei arrangert i finske Vantaa søndag 10. november og Norge stakk av med tre gullmedaljar, fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar. Norge blei då beste nasjon under meisterskapet.
I kvinnenes U20-klasse vart Marte Hovland frå Vik nummer to og var med å sikre Norge eit soleklart gull i lagkonkurransen.
I klassen for menn junior fikk Sebastian Lörstad frå Sverige tidlig en luke. Ved passering 900 meter hadde han fire sekunder ned til en forfølgergruppe som bestod av tre nordmenn. Magnus Øyen fra Rindal rista av seg sine landsmenn og tok sølvet. Han tok innpå Lörstad på slutten, men endte syv sekunder bak den svenske gullvinneren.
Bak desse to nevnte kjempa Kristian Bråthen Børve frå Ull/Kisa og Åsmund Sunde Førde frå Jølster om siste plass på pallen. På oppløpet var Bråthen Børve best og tok bronsen, medan vår eigen Sunde Førde vart nummer fire.
I herreklassen vart Eivind Øygard frå Jølster nummer sju, og det norske laget tok sølv i lagkonkurransen.