
Sommarcup i Gloppen
Gloppen-klubbane går saman om nytt arrangementskonsept.
31. mai 2025
Asgeir.Ardal@friidrett.noHer er eit nytt tilbod i friidrett for born og ungdom: Sommar-Cup 2025.
Alle friidrettsgruppene i Gloppen går saman om tre stemne. Er ein med på minst to, blir ein premiert med medalje.
To stemne vert på Byrkjelo i juni, det siste i Hyen i august.
Stemna vert omtala på dei enkelte friidrettsgruppene sine Facebook-sider, der ein vil finne øvingsutval for kvart enkelt stemne. Først ut er BBIL, med sitt arrangement onsdag 4. juni, start kl 17.30.
Andre stemnet er 18. juni kl. 17.30.
Øvingutvalet vil vere litt ulikt frå gong til gong, men t.d. 60 m vil vere ei øving som går igjen. Det vil alltid vere løp, hopp og kast på menyen.
Deltakinga er gratis, og vi ber om at påmeldingane vert gjort gjennom iSonen. Link vil bli lagt ut for kvart stemne. Innafor "rimeligheitenes grenser" kan vi også arrangere andre øvingar enn dei som går fram gjennom invitasjonane, dersom vi får spørsmål om det.
Velkomne til eit nytt, kjekt stemnetilbod, og kryss datoane av på kalenderen!
Viss det skulle vere ønske om andre øvingar enn dei som er sett opp så tek vi imot innspel på dette og vil prøve så langt det let seg gjere å få til det.
Tekst henta frå arrangøren.