
Sogn og Fjordane er klare for ny innmarsj på Osterøy laurdag. Arkivfoto
Sogn og Fjordane til Osterøy på Ungdomsleikar
Årets store friidrettshappening for 13 og 14 åringane går på Osterøy når Ungdomsleikane startar laurdag
25. august 2016
Narve.HeggheimÅrets Ungdomsleikar er samme konsept som ein har hatt tidlegare ined navn som PEAB-lekene og Benditlekene. Konseptet er det same med eit stevne med individuell konkurranse der det også vert rekna poeng i kretskonkurranse. Som tidlegare møter Sogn og Fjordane lag frå Hordaland, Rogaland og felleslag frå Agder. Det er stort øvingsutval med heile 15 øvingar i kvar klasse pluss to stafettar.
Sogn og Fjordane reiser nedover med felles buss og godt humør fredag og er klare til to dagar med mykje moro både på og utanfor bana. Det har etterkvart blitt mange turar til eit flott og godt arrangement på Osterøy der ein rutinert arrangørstab tek godt i mot ungdommar og leiarar både på og utanfor bana.
Tilsvarande arrangement vert arrangert på Jessheim og i Stjørdal. Du kan lese meir om konseptet og arrangementa og etterkvart sjå bilde og resultat på arrangementet sine nettsider.
Sogn og Fjordane sitt lag finn du her.
Vi ynskje alle lykke til i årets Ungdomsleikar!