Leik og moro under oppvarming på samlinga i Ulsteinhallen. Foto: Robert Moldestad.
Slik gjekk det i Ulsteinhallen
Årets første samling vart gjennomført med suksess i Ulsteinvik.
08. januar 2019
Asgeir ÅrdalHovudtrenarane Eivind Øygard og Tor-Inge Myrhol hadde med seg 28 utøvarar over fylkesgrensa 4.-6. januar.
- Det var ein solid gjeng med ungdommar. Dei gjennomførte fire solide treningsøkter i Ulsteinhallen og området rundt. I tillegg hadde fleire av utøvarane utallege økter på slakklina i gangen på Sunnmøre Folkehøgskule der vi budde under treningssamlinga, seier Øygard.
Han er optimistisk med tanke på sesongen som står for tur.
- Sjølv om vi framleis berre er i januar, så syner mange av utøvarane at dei har teke store steg frå i fjor, noko som lover godt for sesongen, seier han,
Det er Sparebankstiftinga som har gitt gåvemidlar til denne krinslagssatsinga.
- Det er eit flott bidrag til at ein kan utvikle desse til å ta nye steg på friidrettsbana. Og ikkje minst knyter dei tette bånd på tvers av klubbgrensene, seier Øygard.