Sju av deltakarane som deltok på kurset på Gjelsvik skule i november. Foto: Ola Bergheim
Nytt prosjekt er godt i gang
Det nyoppstarta skulecup-prosjektet vårt er godt igang rundt om kring i Sogn og Fjordane.
27. november 2025
Asgeir.Ardal@friidrett.noMed støtte frå Sparebankstiftinga har Sogn og Fjordane Friidrettskrins starta opp prosjektet "Skulecup". I desse dagar går det ut invitasjon til skular i Sogn og Fjordane for 5. - 9. klasse om deltaking.
Som eit ledd i dette, har ein starta opp med kurs for kroppsøvingslærarar som ynskjer meir kompetanse innan friidrett. Det har blitt gjennomført kurs i Kvammen og Stryn, medan det er planlagt fleire kurs rundt om kring i krinsen.
Prosjektleiar Bente Krakeli er godt nøgd med starten på prosjektet.
- Vi har fått mange tilbakemeldingar frå skular som ynskjer å være med på dette. Mange har meldt interesse om kurs, og det set vi stor pris på. Og det er framleis plass til fleire, seier ho.
Kvar skule får ein bag med friidrettsutstyr, m.a hekkar og innekuler, og litteratur til bruk i samband med aktivitet på skulen.
Ynskjer din skule besøk av friidrettskrinsen? Ta kontakt med Bente Krakeli her!