Prisar frå Friidrettens Venner

Glade prisvinnarar på Sandane f.v Thomas Mardal, Ingrid Hjelle Roset og Ole Morten Mardal

Prisar frå Friidrettens Venner

Friidrettens Venners Æresprisar  for 2015 vart delt ut på Sandane under årsmøtet til Gloppen Friidrettslag

10. mars 2016

narve.heggheim
Share on XShare on FacebookShare on LinkedInShare via Email

Vanlegvis blir desse prisane delte ut på krinstinget men på grunn av kollisjon med sydensamling for dei aktive vart utdelinga lagt til årsmøte i klubb. Så ville tilfeldigheitene det slik at i år var alle prismottakarane i samme klubb. Frammøte på årsmøtet var det beste på lang tid så prisvinnarane fekk dermed velfortent heider også frå forsamlinga. 

Stiftinga Friidrettens Venner deler kvart år ut pris til beste resultat i 18-års klassen i kvar krets. For Sogn og Fjordane gjekk desse prisane til Ingrid Hjelle Roset, STIL/GFIL for resultatet 61,36 på 400m med 853 tyrvingpoeng i jenteklassa.

I guteklassa gjekk prisen til Thomas Mardal, STIL/GFIL for resultatet i diskos på 56,57 som gav heile 1137 tyrvingpoeng.

Friidrettens Venners Ærespris til trenar/leiar vart tildelt Ole Morten Mardal, STIL/GFIL. Ole Morten har over tid lagt ned mykje arbeid som trenar og inspirator både i Sandane T&IL og Gloppen FIL. I tillegg har han hatt ei viktig rolle som lærar i idrettsfag på Firda Vidaregåande der han har bidrege til den viktige kontakten mellom idretten og skulen til beste for begge partar, og ikkje minst dei mange ungdommane som har funne vegen til friidretten.

Ole Morten har også vore med som trenar og leiar for kretsen på Benditkonseptet. Hans kunnskap har komme til nytte mange ganger. Med basiskunnskap som trenar i dei fleste øvelsane i friidretten har hans bidrag vore viktig å ha med for å gje utøvarane input på dei ulike øvingane. Ole Morten er kjent for sine "lynkurs" i kastøvingane der hans kunnskap og pedagogiske evner har bidrege til at mange har prøvd nye øvingar og teke utfordringar  til beste for krinslaget og funne ut at det er kjekt prøve noko nytt også i konkurransesamanheng.

Vi gratulerer alle med vel fortente prisar og håpar dei er ein inspirasjon til å bli med vidare i friidretten i mange år framover!