Nye nettsider

Sentraladministrasjonen og kretsansatte har hatt grundig opplæring i bruk av nye nettsider.

Nye nettsider

Sogn og Fjordane Friidrettskrins tek frå 15 november i bruk nye nettsider. Dette er ein del av ny nettsidestruktur i heile Norges Friidrettsforbund.

29. oktober 2015

narve.heggheim
Share on XShare on FacebookShare on LinkedInShare via Email

Dei nye nettsidene tek i bruk litt nyare teknologi enn ein hadde på dei gamle. Dette gjev litt meir mogelegheiter og ikkje minst dei er tilpassa nettbrett og mobiltelefonar. 
Som vanleg når ting er nytt må ein rekne med litt innkøyring i starten og ein del ting og funskjonar er gjerne utfordrande og finne til ein har blitt kjend med den nye strukturen og kvar ting er å finne. 

Nettsidene vil bli vidareutvikla og ein kan tilpasse dei meir utfrå kretsen sine behov. Her vil bli lettare å finne terminliste og statistikk enn tidlegare. Målingar viser at dette er dei funksjonane som er mest brukt og dei har difor blitt prioritert ved oppbygging av struktur. 

Krinsen vil gjerne ha innspel til eller saker vi kan legge ut frå aktivitet rundtom i fylket. Har du saker eller idear på saker som kan ha interesse utover det veldig lokale er det berre å ta kontakt med krinskontoret.