Ny dagleg leiar på krinskontoret

>

Tilbake til Nyheter

Friidrett / Kretser / Sogn og Fjordane / Nyhende / Ny dagleg leiar på krinskontoret

Ny dagleg leiar på krinskontoret

Asgeir Årdal er tilsett ny som dagleg leiar.

24. oktober 2017

Asgeir Årdal er tilsett som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins frå 23. oktober, i eitt års vikarat i 60 % stilling.

Han har bachelorgrad med idrett, fysisk aktivitet og helse, samt allsidig idrettsbakgrunn. Han har tidlegare jobba som sportsjournalist, og er no idrettslærar i vidareåande. Han vil halde fram med å arbeide som lærar  kombinasjon med stillinga i friidrettkrinsen.

Han tek over etter Narve Heggheim som no er tilsett i friidrettsforbundet i sentraladminiastrasjonen etter 14 år i krinsen.

Ettersom Asgeir no er tilsett i ein deltidsjobb i friidrettkrinsen vil han ikkje alltid vere like tilgjengelig, men vil responere så raskt som praktisk mogleg.

De treff han på:

Tlf: 95 77 62 92 / E-post: asgeir.ardal@friidrett.no

Vi ynskjer Asgeir og Narve lykke til i dei nye stillingane.