NM i terrengløp til Vik

Vik er klare til å ta i mot norgeseliten i terrengløp i 2017. Foto: Vik IL

NM i terrengløp til Vik

Styret i Norges Friidrettsforbund har tildelt NM i terrengløp 2017 til Sogn og Fjordane

18. februar 2016

narve.heggheim

Vik Idrettslag er tildelt NM i terrengløp lang løype i 2017. Denne meisterskapen går på hausten og Vik vart sett på som ein godt eigna stad for avvikling av NM. Meisterskapen har klassar frå 15 år til og med veteran og er dermed også i praksis både UM og veteranmeisterskap i tillegg til junior og senior NM.

Det er friidrettsgruppa i Vik IL som er søkjar men arrangementet vil bli eit samarbeidsprosjekt der spesielt skiskyting og ellers heile idrettslaget står bak.

Med tildelinga til Vik har Sogn og Fjordane fått tildelt desse nasjonale meisterskapa i friidrett dei kommande åra:

2016: NM Motbakkeløp i Luster (Molden Opp), NM Fjellultraløp på Hornindal
2017: NM terrengløp lang løype i Vik
2018: NM hovedmesterkapet, Byrkjelo. 

Vi gratulerer Vik med tildelinga og ynskjer lykke til med det vidare arbeidet fram mot mesterskapet!