Nasjonale meisterskap til fylket

Siste års Norgescupvinnar i aksjon på Molden Opp

>

Tilbake til Nyheter

Friidrett / Kretser / Sogn og Fjordane / Nyhende / Nasjonale meisterskap til fylket

Nasjonale meisterskap til fylket

Klubbane i Sogn og Fjordane har fått tildelt fleire nasjonale meisterskap dei kommande åra, og desse er fordelt både på fjelløp og banearrangement.

29. oktober 2015

narve.heggheim

Først ut av meisterskapa i fylket er er NM i motbakkeløp med IL Bjørn som arrangør. Løpet Molden Opp har etablert seg som eit av dei større motbakkeløpa og har hatt to år med arrangement i Norgescupen i motbakkeløp med alle dei beste norske utøvarane på plass. Desse inntek nok på nytt Luster i juni og vil kjempe om NM medaljar. Du kan lese meir om Molden Opp arrangementet sine nettsider.

NM fjellultra til Hornindal
Hornindal Rundt har etablert seg som eit av dei tøffaste fjelløpa i Norge. Distansen utøvarane tilbakelegg er på heile 75 km og løpet har ein total stigning på ca 5600m. Løpstida er mellom 10 og 30 timar og her er matstasjonar undervegs. Dette løpet er sjølvsagt krevande men her har vore aukande interesse og deltaking siste åra noko som resulterte i at ein vart tildelt NM i 2016. Du kan lese meir om Hornindal Rundt på arrangementet sine nettsider

Byrkjelo fekk hovedmeisterskapet i 2018
Etter eit vellukka junior NM i 2015 var det knytt spenning til om Byrkjelo fekk tildelt senior NM i 2018. Styret i Norges Friidrettsforbund var ikkje i tvil og Byrkjelo kan igjen lade opp til eit senior NM med alle dei beste norske på plass. For å få dette vel i havn er ein som tidlegare avhengig av ei mobilisering frå fleire klubbar sjølv om det er Breimsbygda som står bak NM søknaden.