Flott utsikt møter deltakarane på Molden Opp. Foto: Molden Opp
Motbakke NM til Molden laurdag
Årets NM i motbakkeløp går under Molden Opp i Luster på laurdag
15. juni 2016
narve.heggheimHer vil dei beste norske motbakkeløparane kjempe om medaljer i dei ulike NM klassane. I meisterskapen er her også lagt inn veteranmeisterskap i tillegg til det ordinære NM for junior og senior.
Molden Opp har blitt eit av dei større motbakkeløpa i fylket og har tidlegare hatt løp i Norgescupen. Det er såleis ein erfaren arrangør som i år har fått tildelt NM.
Påmeldingane til no er gode og det vert meldt om tørr og fin løypetrase. Som i alle motbakkeløp er her tilbod om å delta anten du er aktiv og vil springe på tid eller du kan delta i mosjon og ta det som ein tur.
Konkurranseklassa startar laurdag kl 11.16 frå Tørvis Hotell i Marifjøra. For mosjononistar er det anledning å starte frå 8.00 og konkurranseklassa er venta å vere på toppen ca 12.00. Her er det alltid mykje folk samla på toppen for å ta i mot konkurranseløparane.
Om du ikkje alt har meldt deg på kan du ta ein tur innom arrangementet sine nettsider. her finn du sjølvsagt all info om løpet.
Vi ynskjer deltakarar og arrangør lukke til med årets arrangement og NM!