Lokale utøvarar kjempar om ekstrapremie på Byrkjelo

Reidar Moldestad (leiar i friidrettgruppa i Breimsbygda IL) og Rolf Kjetil Egge (leiar i hovudkomiteen NM 2018) viser fram klokkene som skal gå til dei fire beste lokale utøvarane under NM. Foto: Arrangøren

>

Tilbake til Nyheter

Friidrett / Kretser / Sogn og Fjordane / Nyhende / Lokale utøvarar kjempar om ekstrapremie på Byrkjelo

Lokale utøvarar kjempar om ekstrapremie på Byrkjelo

Skal setje pris på dei som satser gjennom lokale klubbar.

02. juli 2018

Asgeir Årdal

Premiane er klokker til ein verdi av 5000 kroner kvar, som går til dei to beste kvinnene og herrane som representerer klubbar frå Sogn og Fjordane. Utdelinga skjer søndag, samstundes som Kongepokalane blir delte ut.

– Som arrangør av NM er vi heilt avhengige av at det spirer og gror i dei lokale klubbane. Mange aktive lokale klubbar som får fram talent er heilt nødvendig for å i det heile ha eit friidrettsmiljø i fylket. For ein liten klubb som Breimsbygda er vi heilt avhengige av å ha eit større miljø nært oss som vi kan lene oss på, hente kunnskap og mannskap frå. Så for oss er det ein måte å setje pris på dei som satsar med lokale klubbar, seier leiar i hovudkomiteen Rolf Kjetil Egge.

Det er ein eigen lokal jury som skal kåre vinnarane. 

Meir informsjon om NM på Byrkjelo finn de på arrangøren sine nettsider.