Krinstinget blir 27. mars
Sogn og Fjordane sitt krinsting vert arrangert på Skei i Jølster. (Oppdatert 20.03).
17. februar 2022
Asgeir ÅrdalDatoen for SFFIK sditt krinsting er fastsett til søndag 27. mars med oppstart kl 16.00. Tinget vert avvikla på Thon Jølster Hotell på Skei.
Last ned innkalling
Last ned saksdokument og årsmelding (oppdatert 20.03)
Påmelding til krinsting på e-post til sof@friidrett.no
Klubbane har følgjande representasjonsrett på tinget:
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i idrettsregistreringa til og med 100 - 1 representant.
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i idrettsregistreringa til og med 200 - 2 representantar
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i idrettsregistreringa over 200- 3 representantar, som er det høgste tal representantar eit lag kan ha.
Det skal nyttast tal frå sist tilgjengelege idrettsregistrering ved fastsetjing av antal delegatar. Dersom ein klubb møter med meir enn ein delegat skal begge kjønn vere representerte. Klubbane kan melde på fritt antal observatørar utan stemme, tale eller forslagsrett.
Dersom klubbar har saker dei vil ha handsama på tinget på desse sendast krinskontoret seinast to veker før tinget, innan 13. mars.
Valkomiteen ynskjer også forslag på kandidatar til styret. Les meir her!