Gruppearbeid på handlingsprogrammet der ein meisla ut kretsen sine fokusområde dei kommande to åra. F.v: Torgeir Urdahl, Tore Hordnes (president NFIF), Johnny Solheimsnes,Thor Kjerpeset og Jon R. Hauge.
Krinstinget 2016
Krinstinget vart halde på Skei søndag med godt engasjement frå dei frammøtte
04. april 2016
narve.heggheimDei vanlege tingsakene stod sjølvsagt på dagsorden med årsmelding, rekneskap og budsjett. Etter mange år med anstrengt økonomi har krinsen no økonomisk handlerom og kan difor få endå større fokus på utvikling og tiltak for å auke aktiviteten og gje eit betre tilbod.
Ein vesentleg del av tinget vart brukt på å utarbeide handlingsprogram for dei to kommande åra. Her hadde styret utarbeidd eit forslag som tinget slutta seg til og kom med sine forslag til endringar og tilføyingar på. Dette dokumentet byggjer på NFIF si strategiske plan og er eit nyttig styringsdokument for det nye styret. I hovedsak vart det attval på heile styret. Olav Terum, Aurland IL ba seg fri attval og vart erstatta med Steinar Gram, Førde IL.
Oversikt over tillitsvalde valde på tinget finn du her, og denne oversikta vert oppdatert når styret har oppnevnt dei utvala dei ser behov for.