Krinstinget blir på Skei 3.april

>

Tilbake til Nyheter

Friidrett / Kretser / Sogn og Fjordane / Nyhende / Krinstinget blir på Skei 3.april

Krinstinget blir på Skei 3.april

Sogn og Fjordane sitt krinsting vert arrangert på Skei i Jølster

26. februar 2016

narve.heggheim

Datoen for SFFIK sditt krinsting er fastsett til søndag 3. april med oppstart kl 12.30. Tinget vert avvikla på Thon Jølster Hotell på Skei. Informasjon om tinget med påmeldingsinfo  vert sendt klubbane på mail med påmeldingsfrist 20.mars

Klubbane har følgjande representasjonsrett på tinget: 
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i  idrettsregistreringa til og med 100 - 1 representant.
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i  idrettsregistreringa til og med 200 - 2 representantar
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i  idrettsregistreringa over 200- 3 representantar, som er det høgste tal representantar eit lag kan ha. 

Det skal nyttast tal frå sist tilgjengelege idrettsregistrering ved fastsetjing av antal delegatar. Dersom ein klubb møter med meir enn ein delegat skal begge kjønn vere representerte. Klubbane kan melde på fritt antal observatørar utan stemme, tale eller forslagsrett.                         

Dersom klubbar har saker dei vil ha handsama på tinget på desse sendast krinskontoret
seinast 20. mars.

Eventuelle spørsmål kan rettast til krinskontoret og leiarar i klubbane kan melde på via denne lenkja.

Vel møtt til krinsting på Skei!