Krinsstatistikkane er oppdaterte
Sesongen 2015 er over og statistikkane for krinsen er no oppdaterte med resultat frå 2015
12. november 2015
narve.heggheimNytt på statisikksidene er at ein også har laga oppsett på bestenoteringar for veteranar og statistikk på heil og halvmaraton. Her er eit omfattande arbeid å få dette rett og skulle du finne feil må dette meldast inn til krinskontoret så ser statistikkutvalget på det.
Som vanleg er det sett fleire krinsrekordar og bestenoteringar i aldersbestemt og du finn desse og andre statistikkar under menypunktet krinsstatistikk øverst på sida.
Krinsen fører kun desse statistikkane med rekordar og bestenoteringar. For årsstatistikk 2015og andre årgangar viser vi til NFIF sine statistikkar på nett som kan filtrerast både på krets og klubb.
Skulle du finne feil eller manglar på statistikkane kan desse meldast til krinskontoret.