Bente Krakeli gler seg til å bli ein del av krinsen. Foto: Kristian Helle, Sparebank 1 Sogn og Fjordane
Krinsen styrkar arbeidet retta mot barn og unge
Skulecup i friidrett blir realitet i Sogn og Fjordane.
17. august 2025
Asgeir.Ardal@friidrett.noI 30 år har «Skulecup» i friidrett vore ein stor suksess i Møre og Romsdal. Med god støtte frå Sparebankstiftinga blir dette også ein realitet i Sogn og Fjordane. Som dagleg leiar i friidrettskrinsen i nabofylket vårt i nord, har Bente Krakeli hatt ansvaret dei siste 17 åra.
I vår gav ho seg i denne jobben. No er ho blitt pensjonist, og er også på flyttefot – til Høyanger. Der bur nemleg han som no vert sambuaren hennar på heiltid.
– Vi har farta mykje opp og ned, så blir fint å ha éin plass å bu. Det blir godt, seier Krakeli.
Som nemnd innleiingsvis var Asgeir Årdal, som er dagleg leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins, raskt ute då han fekk nyss i at Krakeli skulle flytte sørover. Og no vert «Skulecup» også ein realitet her, og det er sjølvsagt Krakeli som får ansvaret for å få prosjektet opp å gå.
– Friidrett har vore ein del av livet mitt i alle år. Hovudet klarer ikkje slutte å tenke friidrett. Dette blir ein fin måte å knytte fleire kjennskap på i området, seier ho.
Friidrettskrinsen gler seg til å få Bente Krakeli på laget, og ser fram til arbeidet hennar tek til frå og med veke 34.
Les resten av saka til Sparebank 1 Sogn og Fjordane her!