300 000,- tilbake til klubbane i krinsen

Marknadssjef Gunn Aase Moldestad, dagleg leiar i SFFIK Asgeir Årdal, styreleiar Ingeborg Tysnes og Lars Solnørdal i Sparbank 1 Sogn og Fjordane. Foto: Sparebank 1 Sogn og Fjordane.

>

Tilbake til Nyheter

Friidrett / Kretser / Sogn og Fjordane / Nyhende / 300 000,- tilbake til klubbane i krinsen

300 000,- tilbake til klubbane i krinsen

14. november 2024

Asgeir.Ardal@friidrett.no

Norsk Friidrett sin visjon er "Friidrett for alle - heile livet", medan Norsk Idrett har som visjon "Idrettsglede for alle". Som eit ledd å ta ned kostnadane for å drive friidrett i krinsen, har Sparebank 1 Sogn og Fjordane støtta krinsen med 100 000,- årleg over tre år. 

Reisestøtta blir fordelt på arrangementa senior-NM, junior-NM og UM utandørs, basert på tal deltakarar for dei ulike klubbane. Om det er klubbar som ikkje dekkjer noko av kostnadane for utøvar i samband med nasjonale meisterskap, er det utøvar sjølv om får den direkte støtta. 

Friidrettskrinsen set pris på støtta frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane, og deira bidrag for å redusere økonomi som barriere for deltaking i idrettskonkurransar. 

Støtta blir utbetalt i desse dagar.