
Klubbcup i Sunnfjord
Seks klubbar i Sunnfjord er med på klubbcup 2025.
05. mai 2025
Asgeir.Ardal@friidrett.noKLUBBCUP I FRIIDRETT
er eit nytt tilbod for born og ungdom i alder 11 - 15 år for klubbane Jølster, Førde, Gaular, Dale, Tambarskjelvar og Florø. Klubbcupen går ut på at det vert arrangert 4 friidrettstemner i 2025.
Dette skal det vere moro, sosialt, og sjølvsagt litt alvor. Friidrett er ein individuell idrett, men i klubbcupen er det lagt opp til ein klubbkonkurranse, der kvart poeng tel, slik at her er det klubbånda kjem inn med å skaffe poeng for din klubb.
POENGBEREKNING:
I klubbcupen tel først dei 2 beste frå kvar klubb (12 delt.) i kvar øving i kvar årsklasse med poengberekning for 1. pl. 2. pl. osv, med 10 – 8 – 7 – 6 – 5 – 4 – 3 – 2 poeng.
13 – 12 – 11 – 10 – 9 – 8 – 7 – 6 – 5 – 4 – 3 – 2
I tillegg reknast 1 poeng for kvar start i alle klasser.
PÅMELDING:
PREMIAR:
Det vert deltakarpremie til alle som har delteke i minst 3 rundar av klubbcupen. Det vert sett ein vandrepremie som må vinnast 3 gonger før den vert til odel og eige for ein klubb.
PRIS: Deltaking er gratis for alle. Det er krav om lisens for deltakarar over 13 år.