
Jørund Årdal kandidat som årets ildsjel
Norges Friidrettsforbund deler ut pris til årets ildsjel under friidrettsgallaen i slutten av januar og ein frå fylket er nominert
07. januar 2016
narve.heggheimJørund Årdal, Gloppen FIL/Brodd er ein av seks kandidatar som er med i den nettbaserte avstemminga. Dei som har hatt noko med friidrett å gjere i fylket har nok møtt Jørund og kjenner til hans store og lange engasjement for friidretten.
Han har vore både trenar, leiar og arrangør over veldig mange år. Dei siste tiåra i Gloppen men før det i Dale i Fjaler kommune. Jørund har vore sentral på data og påmelding/resultat på alle stemne på Byrkjelo inkludert alle nasjonale meisterskap dette århundredet. Han har i tillegg til sitt lokale trenarengasjement også vore trenar på junior/rekruttlandslag og vore trenar på mange internasjonale meisterskap for NFIF.
Vil du gje di stemme til Jørund som årets ildsjel kan du stemme på han her.