Invitasjon til KM på bane
Det blir KM på bane i Førde 17. august, medan slegge og diskos blir ein del av Loggane Open 11. august.
25. juni 2019
Asgeir ÅrdalI 2018 vart KM i Førde ein suksess, med den største deltakinga vi har har sett på mange år - til tross for september månad og regn.
I 2019 vil KM blir arrangert på same stad, som vil bli ei generalprøve for arrangøren før veteran-NM i 2020.
KM 2019 blir arrangert på to ulike helger.
Loggane Open 11. august med slegge og diskos, medan 17. august blir dei andre tradisjonelle friidrettsøvingane avvikla i Førde.
Vi håpar klubbane mobiliserer sine utøvarar til KM, slik at vi saman kan lage dette til det viktigaste friidrettstemnet i fylket på bane!