Arkivfoto: Eirik Førde
Friidrett for barn-kurs i Ulsteinhallen
24. november kan du bli med på kurs i samarbeid med Møre og Romsdal.
23. oktober 2024
Asgeir.Ardal@friidrett.no24. november inviterer Sogn og Fjordane Friidrettskrins i samarbeid med Møre og Romsdal Friidrettskrets til Friidrett for barn-kurs i Ulsteinhallen.
Dette er samme helg som det er Sparebanken Møre-leikane same stad.
Perfekt for fagleg påfyll i kombinasjon med innandørsstemne.
Sjå her for innbyding:
Kursinnbyding
Sogn og Fjordane Friidrettskrins og
Møre og Romsdal Friidretskrets inviterer til kurset
Friidrett for barn
Mål: Kurset skal gje ei generell innføring i friidretten sine øvingar, og korleis ein enkelt og praktisk kan gjennomføre friidrettstrening med born i alderen 6-12 år.
Målgruppe: Instruktørar i idrett for barn, foreldre, leiarar i idrettsskular, kroppsøvingslærarar, personell i barnehagar/ SFO, og andre sentrale personar innan barneidretten. Kurset krev ingen forkunnskapar og har ikkje eksamen.
Innhald: Innføring i friidretten sine øvingar. Barnet si utvikling, barneidrettsbestemmelsar, barneidrettsrettigheiter. Tips og idear for korleis ein enkelt og praktisk kan gjennomføre leikbasert aktivitet med vekt på allsidigheit og variasjon. Kurset har både teoretiske og praktiske leksjonar. NB! Ta med skrivesaker og treningstøy, mat og drikke!
Omfang: 8 timar (en undervisningstime er 45 minutter) - 8 timar er med kurslærar, der tre timar er teori og 5 timar er praksis. - 2 timar er e-læring om Barneidrettens verdigrunnlag før ein møter på kurset:
Dato: Søndag 24. november kl. 10.00-18.00 (praktisk del i hall frå kl. 13.00)
Stad: Ulsteinhallen
Kurslærar: Eivind Øygard
Pris: Gratis
Kursmateriell: Blir utdelt ved kursstart.
Kontaktperson: Eivind Øygard, mobil.nr: 478 45 960 eller Bente Krakeli, mobil.nr: 90 92 62 25
Påmelding: Meld deg på via Min Idrett her!
Frist for påmelding er satt til onsdag 20. november.