Haustmøte friidrettskrinsen 2022
I år, som tidlegare år, legg Sogn og Fjordane Friidrettskrins Haustmøtet til Idrettens Møteplass i samarbeid med Vestland Idrettskrets 5. november.
15. september 2022
Asgeir Årdal
Sogn og Fjordane Friidrettskrins inviterer klubbane til Haustmøtet 2022. Dei siste åra har dette vore ein flott møtearena for klubbane i fylket, der vi har fått diskutert status for friidretten i krinsen.
PÅMELDING HER!
Førebels rammeprogram:
Kl. 10.00-12.00:
Felles foredrag v/ Idrettskretsen
kl. 12.00-13.00:
Servering av lunsj
kl. 13.00-14.00:
Haustmøte Sogn og Fjordane Friidrettskrins
Terminlistemøte
kl. 14.00-16.00:
Opplæring Isonen (Blir tatt i bruk frå 1.1.2023)
Opplæring OpenTrack