Julekule på Idrettens Hus i Førde, jula 2021. Foto: Asgeir Årdal
Friidrettskrinsen ynskjer alle god jul og eit godt nyttår!
Sogn og Fjordane Friidrettkrins vil med dette ynskje utøvarar, trenarar, leiarar, foreldre og klubbar god jul og eit godt nytt år!
22. desember 2021
Asgeir Årdal2021 har vore eit innhaldsrikt år i krinsen. Tre nasjonale meisterskap har blitt arrangert i Sunnfjord, med stor suksess!
Vi har fått gjennomført mange banestemner, og mosjonsarrangementa i krinsen har hatt god deltaking. Ekstra kjekt var det at 13-14 åringane våre vann LERØY-leikane i Måndalen, i konkurranse mot seks andre friidrettskrinsar. Det lovar godt for framtida for banefriidretten, og vi gler oss Byrkjelo er vertskap for LERØY--leikane i 2022.
2021 avslutta med ein nytt innhogg i Covid19-restriksjonar, men vi håpar alle at 2022 skal bli normalt år med vår aktivitet.
Med eller uten restriksjonar, så er det utøvarar, trenarar eller anna støtteapparat som står på for å skape gode opplevingar i friidretten i Sogn og Fjordane kvar einaste dag. Vi vil nytte høve til å takke alle desse som legg ned trening eller frivillig innsats innanfor grupperingar av vår idrett!
Ynskjer alle ei god jul og eit godt 2022!
På vegner av Sogn og Fjordane Friidrettskrins,
Asgeir Årdal