
Friidrett for barn-kurs på Byrkjelo
I november blir det høve til å få gode tips til gjennomføring av friidrettstrening for barn.
06. oktober 2022
Asgeir ÅrdalKurset skal gje ei generell innføring i friidretten sine øvingar, og korleis ein enkelt og praktisk kan gjennomføre friidrettstrening med born i alderen 6-12 år.
PÅMELDING til kurset
Det blir teori nettbasert på Teams fredag kveld 18. november, medan det blir praktisk del i gymsalen på Breim skule søndag 20. november.
Kurslærar er Eivind Øygard, som til dagleg er idrettslærar ved Sogndal VGS - i tillegg til aktiv utøvar i friidrett.