17-åringen Ben Jeffrey Benert (Florø) er no blant dei 10 raskaste herrene i Sogn og Fjordane gjennom alle tider på 100 meter. Foto: Asgeir Årdal
Fleire nye rekordar i 2018
Sjå dei oppdaterte krinsstatistikkane!
26. september 2018
Asgeir ÅrdalKvart år er det utøvarar som skriv seg inn i historiebøkene i friidrettskrinsen. 2018 er ikkje noko unnatak! Ein av dei er Ben Jeffrey Benert frå Florø som sette ny bestenotering i 17-års klassen på 200 meter med tida 22,29. Han tangerte også 100-meter tida til Thomas Mardal på 11,03 denne sesongen.
Dette, samt mange fleire resultat kan du no sjå i dei oppdaterte statistikkane våre.
Alle statistikkane finn ein gjennom denne linken.
Finn du feil eller manglar, er det fint om de sender e-post til krinskontoret.