Desse deltok på treningssamlinga under Idrettens Møteplass i 2017. Foto: Idrettskrinsen
Felles møteplass for friidretten i Sogn og Fjordane
Laurdag 27. oktober inviterer ein til Idrettens Møteplass i Sogndal.
06. september 2018
Asgeir ÅrdalSogn og Fjordane Friidrettskrins inviterer klubbleiarar, utøvarar, foreldre og trenarar til Idrettens Møteplass i Sogndal laurdag 27. oktober.
Her vil det bli foredrag før lunsj på tvers av heile idretten i Sogn og Fjordane, medan det blir eige møte for friidretten i fylket kl. 13.00 - 16.00. Her vil viktige tema som fastsetting av terminliste 2019 og KM 2019 vere tema, samt korleis ein kan løfte friidretten i fylket dei neste åra.
Påmelding til Idrettens Møteplass gjer du her!
Rammeprogram:
|
Tidspunkt |
Innhald |
Kvar |
Kven |
|
Kl. 09.30 – 10.00 |
Registrering, kaffi |
Sogndal VGS |
Leiarar, foreldre, trenarar. |
|
Kl. 09.30 – 11.00 |
Basissamling med Atle Hole Sæterbakken (HVL) og Cecilie Eriksen (OLT-Vest), økt 1. |
Sogndal Idrettshall |
Utøvarar fødde 2002 – 2006. |
|
Kl. 10.00 – 12.00 |
Foredrag "Foreldre som ressurs" v/ Michael Jørgensen og Pia Mørk Andreassen, Olympiatoppen Vest |
Trollsalen, Sogndal VGS |
Leiarar, foreldre, trenarar. |
|
Kl. 12.00 |
Lunsj |
Kantina, Sogndal VGS |
ALLE |
|
Kl. 13.00 – 13.30 |
Foredrag om kosthald for aktiv idrettsungdom |
Sogndal VGS |
Utøvarar fødde 2002 – 2006. |
|
Kl. 13.00 – 16.00 |
Fellesmøte Sogn og Fjordane Friidrettskrins |
Sogndal VGS |
Leiarar, foreldre, trenarar. |
|
Kl. 13.30 – 15.30 |
Basissamling med Atle Hole Sæterbakken (HVL) og Cecilie Eriksen (OLT-Vest), økt 2. |
Sogndal Idrettshall |
Utøvarar fødde 2002 – 2006. |