Suten Opp startar i Vik sentrum og målgang er på toppen oppe til høgre på bildet
Det skjer i Vik i mai
Vik fekk heilt nytt anlegg i 2015, det har gitt auke i aktiviteten og i mai er der mange arrangement i bygda
03. mai 2016
narve.heggheimFørst ut er motbakkeløpet Suten Opp fredag 7. mai. Løpet har intervallastart med utgangspunkt i sentrum og målgang på topp like ved med servering på stølsvollen for dei som tek turen til topps.
22. mai er det klart for både Vikjastafett og stevne på det nye flotte stadionanlegget. Her er klassar frå rekrutt til veteran med eit allsidig øvingsutval.
Den årlege høgdegallaen der dei beste nasjonale høgdehopparane møtest til dyst i sentrum med stor stemning og mykje folk går den 28. mai under den årlege Gammalostfestivalen.
Med andre ord er det mykje som skjer i Vik og driftige arrangørar gjer sitt til at det skal bli ei god oppleving både for deltakarar og publikum.
Info om Suten Opp finn du på arrangementet sine nettsider, og invitasjon til Vikjastafett og stevne kan du sjå her, så er det berre å ta turen til Vik for flotte idrettsopplevingar!