Desse deltek i NM-innandørs
5.-6. februar er det NM i Ulsteinhallen.
01. februar 2022
Asgeir ÅrdalFriidrettskrinsen er representert med følgjande utøvarar under innandørs-NM i Ulsteinvik 5.-6. februar:
Knut Werge-Olsen, 60m, 200, (Jotun IL)
Marte Hovland, 1500m, (Vik IL)
Mathias Andreas Reksten Dale, kule, (Gloppen FIL),
Emilie Engelbrektson, 60m, (Gloppen FIL)
Kristina Thunem, kule, (Gloppen FIL)
I tillegg stiller Matias Anderson Førde, 1500m (Gular IL) og Malin Støyva, høgde, (Norna-Salhus IL) som begge er vakse opp i klubbar i friidrettskrinsen.
NRK sender frå meisterskapen, to timar kvar dag både laurdag og søndag.
Arrangøren si heimeside finn de her!
Det er berre utøvarar med toppidrettstatus som kan delta i årets meisterskap.
For å ha toppidrettstatus må eit av vilkåra under vere innfridd:
Deltakar på Seniorlandslaget, U23-landslaget eller juniorlandslaget U20.
Kvalifisert for Hovedmeisterskapet i 2020, 2021 eller 2022.
Deltatt i Diamond League 2021.
Deltatt i sist senior-OL, -VM og -EM i alle grener.
Vi ynskjer alle deltakarar lukke til!