Krinstinget blir 21. mars
Sogn og Fjordane sitt krinsting vert arrangert på Skei i Jølster.
02. mars 2020
Asgeir Årdal (publisert første gang 09.12.2019)Datoen for SFFIK sditt krinsting er fastsett til laurdag 21. mars med oppstart kl 12.30. Tinget vert avvikla på Thon Jølster Hotell på Skei.
Klubbane har følgjande representasjonsrett på tinget:
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i idrettsregistreringa til og med 100 - 1 representant.
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i idrettsregistreringa til og med 200 - 2 representantar
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i idrettsregistreringa over 200- 3 representantar, som er det høgste tal representantar eit lag kan ha.
Det skal nyttast tal frå sist tilgjengelege idrettsregistrering ved fastsetjing av antal delegatar. Dersom ein klubb møter med meir enn ein delegat skal begge kjønn vere representerte. Klubbane kan melde på fritt antal observatørar utan stemme, tale eller forslagsrett.