
Terrengstafettane i fylket har gode tradisjonar. Her frå Breimstafetten i gamle dagar. Foto: Almenning.
Bli med på terrengstafettane i Olden og Breim
Stafettsesongen nærmar seg. Sjå innbyding frå dei tradisjonsrike terrengstafettane!
15. mars 2022
Asgeir ÅrdalDet er lange tradisjonar med dei ulike terrengstafettane i fylket. I 2022 står både Oldenstafetten og Breimstafetten klare til å gi barn og unge ein kjekk stafettoppleving - etter to år med avlyste arrangement grunna koronapandemien!
Søndag 24. april inviterer dermed Olden Idrettslag til Oldenstafetten. Dette blir arrangert for 66. gong. Heile innbydinga finn du her.
Helga etter er det Breimstafetten som står for tur. Dei har 82-års jubileum i år, og stafetten går av stabelen 1.mai. Sjå nettsida www.breimstafetten.no for meir informasjon, eller last ned innbyding her!
Frist for å melde på lag:
Oldenstafetten - frist 19. april
Breimstafetten - frist 27. april.