
Bli med på terrengstafettane i Olden og Breim
Stafettsesongen nærmar seg. Sjå innbyding frå dei tradisjonsrike terrengstafettane!
22. mars 2025
Asgeir.Ardal@friidrett.noDet er lange tradisjonar med dei ulike terrengstafettane i fylket. I 2025 står både Oldenstafetten og Breimstafetten klare til å gi barn og unge ein kjekk stafettoppleving.
Søndag 27. april inviterer dermed Olden Idrettslag til Oldenstafetten. Dette blir arrangert for 69. gong. Heile innbydinga finn du her.
Helga etter er det Breimstafetten som står for tur. Dei har 85-års jubileum i år, og stafetten går av stabelen 4.mai. Sjå nettsida www.breimstafetten.no for meir informasjon, eller last ned innbyding her!
Frist for å melde på lag:
Oldenstafetten - frist 22. april
Breimstafetten - frist 2. mai